top of page

Os&Fusaposten: No har Tim vore rusfri i ti år

i 2012 døydde far min. Arva han etterlet seg gjorde at eg kunne ta grep. Eg ringde Tohr Blaha ved Trappen motiveringssenter i Bergen. Han tillrådde meg å dra til Narconon i Sverige. Dette er blant dei beste rehabiliteringssentra for rusmisbrukarar i Skandinavia. Eg var der i 14 månader. Eg har aldri sett meg tilbake etter det, fortel Herland.


Sist gong eg var rusa, var i juni 2012. I sommar var det 10-års jubileum for meg. Eg kjenner eg er stolt over det eg har klart, sier han.

Tilbake i Noreg var Tim tidleg klar på at han ønske å jobba med menneske. Han ønske å hjelpa andre ut av rusen og tilbake til livet.


- Eg var lenge frivillig hjelpar på Trappen motiveringssenter. Eg har og vore fadder i WayBack og erfaringkonsulent i Idrett Bergen Sør sitt prosjekt Utrustet ung. Der hjelpte eg straffedømte og rusmisbrukarar til å koma på rett kjøl. fortel han.

I årevis har han halde foredrag i fengsel.


- Eg har brukt historia og erfaringa mi for alt det er verd. Mitt liv er eit døme på korleis ein kan reisa seg etter å ha koma skeivt ut - anten ein har rota seg skikkeleg bort, slik eg hadde, eller ein berre er på feil kurs, seier han.

Å utfordra seg sjølv krev sitt, men der ligg noko av nøkkelen.

- Trening og aktivitet er stikkord. Skal ein endra kurs, må ein ha noko anna å utfordra seg sjølv med - noko å ha fokus på. For meg var det trening og det å setja seg nye mål som gjorde susen., slår han fast.


Comments


Flere blogginnlegg

Narconon Eslov

Kontakt oss

Skarhult søndre gård
241 93 Eslov

Chat med oss

Chatten er bemannet fra 9.00 til 22.00 hverdager og helger.

Vi er også tilgjengelig på:

© 2024 Narconon Eslöv. Alle rettigheter forbeholdt.

Narconon og Narconon-logoen er varemerker og tjenestemerker som eies av og brukes sammen med

tillatelse fra Association for Better Living and Education International.

bottom of page